Velkomen til Aursnes Hotell & Fjordstuer

Aursnes Hotell & Fjordstuer ligg i hjartet av Sunnmøre – i vennlege, ville og vakre Sykkylven. Kommunen er kjend for sin varierte natur, som spenner frå fjord til høge fjell, med natur-, fiske- og jaktopplevingar i kø.

 

Sykkylven har også eit svært oppegåande næringsliv, der møbelproduksjon er berebjelken. Fleire kjende møbelfabrikkar ligg i kommunen. Aursnes Hotell & Fjordstuer er eit kombinert hotell og apartementshotell, som også driv utleige av fjordstuer og hytter.

 

Vi har både forretningsreisande og turistar som gjestar, og har overnattingstilbod av god kvalitet til fornuftige prisar.
  

Vi ser fram til å ha Dykk som gjestar hos oss!


Med venleg helsing, Familien Aursnes


Aursnes Hotell & Fjordstuer - Aursnes - N 6230 Sykkylven - Norway - Tel: (+47) 70 25 45 55 - post@aursneshotell.no